Fellestur til Raudbergsnuten - NB ny dato!

Fellestur

Dato
19. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Årdal Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen, Skarvheimen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Søndag 19. august går Årdal Turlag til Raudbergsnuten 1805 moh.
NB! Turen er flytta fra laurdag 18. august til søndag 19. august pga værmeldingar.

Avhengig av værforhold og transportlogistikk ser med føre oss to alternativ:

a) Lang ruta.
Me køyrer buss innover anleggsvegen frå Sluten til me har passert Nedre Vikadalsvatnet. Herifrå går me oppover forbi Raudbergstjørni og til toppen. Nedatt fylgjer me ryggen nedover i retning Avdalen og Løst før me endar opp i Brennborg.
Dette er ein litt tyngre tur med ein del nedstigning der me reknar med å bruke 7-9 timar. Mesteparten av turen er utan sti.
Avreise med buss frå BRENNBORG kl 0815.
Sørg for eigen transport til Brennborg (samkøyr slik at me ikkje fyller opp parkeringsplassen). Buss hentar oss der kl 0815. Eigen transport når me kjem ned att til Brennborg. Turavgift kr 100,-.

b) Kort ruta.
Me køyrer privat bilar innover anleggsvegen frå Sluten til me har passert Nedre Vikadalsvatnet. Herifrå går me oppover forbi Raudbergstjørni og til toppen. Retur same vegen. Dette er ein kortare tur der me reknar med å bruke 4-5 timar. Me avtaler samkøyring med privat bilar. Avgang fra torget på Tangen kl 08. Fra skyssstasjonen i Øvre kl 0815. Ingen turavgift.

Alle påmeldte får informasjon om kva slags alternativ det blir laurdag 18. august.

Utstyr:
- Jakke og bukse som tåler vind og regn. Hue/hanskar/buff. Ekstra ulltrøye.
- Ekstra ullsokkar (til byte ved evt elvekryssing)
- Godt med mat og drikka.
- Gode sko med godt grep.

Påmelding til turleiar Marianne Jevnaker (mob: 48 18 94 38) innan laurdag 18. august kl. 12. Kjentmann på turen er Jon Einemo.

Ved dårleg ver eller få påmelde kan turen verta avlyst.

Fellestur til Raudbergsnuten - NB ny dato!

Søndag 19. august går Årdal Turlag til Raudbergsnuten 1805 moh. NB! Turen er flytta fra laurdag 18. august til søndag 19. august pga værmeldingar. Avhengig av værforhold og transportlogistikk ser ...