Botn i Fardalen
Botn i Fardalen

Støls- og topptrimpostar 2019-2021

Her er dei nye Støls- og topptrimpostane!

Postane vert sett ut i løpet av våren og sommaren 2019  og står ute til hausten 2021. Lista under vil verte oppdatert etter kvart som postane vert sett ut. Har du tilbakemeldingar til oss, send oss ei melding på facebook eller på e-post aardal.turlag@dnt.no, så oppdaterer me informasjon her på nettsida.

Støls- og topptrimskjema er til sals på sportsbutikkane i Øvre Årdal og på Årdalstangen og kostar kr 200 for vaksne og kr 100 for born.

På årsmøtet i 2021 vert det premiering til dei som har gått minst 10, 15 eller 20 postar. 

GOD TUR!

Nr. Post M.o.h. Turforslag - startpunkt Plassering Gradering Sett ut?
1. Graveskarsvatnet 1294 Start frå Holsbru v/brøytestasjonen. Følg stien til Kvannetjørni, og vidare langs bekken mot Graveskarsvatnet Ved dyregrav i nordenden av vatnet. Middels
2. Hovden 1471 1. Til Graveskarsvatnet som for post1, vidare i retning Hjelledalen Ved varde Krevjande
2. Frå Mannsberg om Kyrkjevatnet Krevjande
3. Grønvassnosi 1598 1. Frå Lovardalen i Fardalen eller Bommen på Tindevegen, via Jervvatnet og Hyttedalsvatnet Ved varde Krevjande
2. Frå Murane i Fardalen via Langedalen Krevjande
4. Skor 850 Start frå Strupane i Seimsdalen Ved sel Middels
5. Gjerdesnosi 1252 Som post 4 til Skor. Ta av ved stidele frå Skor Ved varde Krevjande
6. Osestølen 960 1. Frå Holsæter i Fardalen, via Li Ved tuft Krevjande
  2. Bru over Fardøla ved Skihytta eller Tausebakken i Fardalen  via Hytta  og Hyttefjellet Krevjande
7. Årdalsvatnet 1150 Frå Torli om Feninga eller frå Åsetsvingen i Indre Offerdal Ved utløp Krevjande
8. Horgi 1120 Frå Strupane i Seimsdalen, om Sjursete Ved varde Middels
9. Midtnosi 1302 1. Bru over Fardøla v/Skihytta eller Tausebakken i Fardalen, via Hytta og Hyttefjellet På høgste punkt/varde Krevjande
2. Frå Stokkesete i Fardalen Krevjande
10. Fleskenosdalen 997 Frå Hjelle via Vetti og Vettismorki Ved sel Middels
11. Friken 1503 Som for post 10 til Fleskenosdalen. Vidare mot Skogadalsbøen, ta av frå stien mot toppen av Friken Ved varde Krevjande
12. Reinsspælnosi 1394 Frå Bordhaug iOfferdalen, via Nystølen Ved varde Krevjande JA
13. Kyrkjevatnet 1350 Frå Mannsberg Ved varde Middels
14. Fremre Hjelledalen 763 Sti frå Hjelle Ved sel Middels
15. Botn 915 Frå Haug i Fardalen. Sti startar på venstre side av Botnaelvi Ved tuft Middels  
16. Botnanosi 1387 1. Som 15. til Botn, vidare oppover frå Botn Ved varde Krevjande
2. Frå Skihytta via Åsete og Botnavatnet Krevjande
17. Gravdalen 850 Frå Hjelle om Avdalen Ved sel Middels JA
18. Sletterustvatnet 1378 Frå Telegarasjen (vinter) eller Damvoktarboligen på Sletterust (sommar) Ved fiskehytte Middels JA
19. Slettmarkkampen 2032 Frå Eidsbugarden, sti langs Bygdin mot Gjendebu Ved varde Krevjande
20. Loppenosi 1612 Start ved brua mellom Smedalsvatni og følg anleggsvegen til Øvre Vikadalsvatnet Ved varde Krevjande JA 

Skrevet av Kristin Hestetun 23. mars 2019