Støls- og topptrim 2016-2018

Hugs kart og kompass når du er ute på tur!

Treng du turtips? Sjekk ut DNT si fjellvett-side: FJELLVETT

Nye støls- og topptrimpostar er på plass!

Då er alle støls- og topptrimpostane på plass!

I tabellen under finn du informasjon om dei ulike postane. Har du tips og tilbakemeldingar, ta gjerne kontakt med oss, enten på Facebook eller via e-post (aat@ardalturlag.no) så oppdaterer me informasjonen.

Me har prøvd å lage eit støls- og topptrimprogram med varierande vanskegrad. Nokre av postane er relativt lette, går på god sti og er godt merka. Andre er meir krevjande, i ulendt terreng der må bruke kart og kompass for å finne fram. Er du usikker på kvar du skal gå, ta kontakt med oss så får du tips til ruteval. Me vil og setta opp fellestur til dei mest krevjande postane i løpet av dei tre åra postane står ute. Vil du ikkje ta turen aleine, følg med på turprogrammet vårt og bli med oss på tur! Rosendal (ski), Gruvefjell (ski), Kvenli, Li/Ormsete, Raudbergsnuten/Melsete og Steindalsnosi/Slettedalsvatnet er sett opp som fellestur i 2017.


Postane står ute til hausten 2018. Leverer du innatt skjema hausten 2018, vert det premiering for dei som har gått minst 10, 15 eller 20 postar.

Støls- og topptrimskjema kan kjøpast på Sporten i Øvre Årdal og på Tangen sport på Årdaltangen. Skjema kostar kr 150 for vaksne og kr 100 for born.

Vis omsyn til naturen og rydd opp etter deg når du er ute på tur! Ein del av turane som er sett opp her går i landskapsvernområde. Her må det ikkje gjerast tiltak som kan endre det verna landskapet sitt særpreg eller karakter vesentleg. Dette gjeld m.a. oppsetting av skilt, opparbeiding og merking av stiar, løyper o.l. utan særskilt løyve.
Nr. Post Turskildring Plassering postkasse Vanskegrad
1 Raudbergsnuten 1805 moh. 1. Opp til Middagshaugen, forbi Munkenosi og Klypenosi. Sjå bloggen til Johhny Asperheim (http://www.porten.no/blogg/@jonny-asperheim/helgaturen-raudbergsnuten-middagshaugen),  2. På sykkel/ski frå Sluten Filefjell og opp frå sør. På varde Krevjande
2 Fuglenosi 1096 moh. Start ved Hjelle, gå til Avdalen og mot Gravdalen. Følg sti mot Stølsmaradalen og ta retning mot Fuglenosi. Kombiner gjerne med overnatting i Gravdalen! Fellestur med Årdal Turlag 11. september 2016. På varde Krevjande
3 Øytjørnnosi 1353 moh. Start frå Hjelle, på sti inn Hjelledalen forbi begge Hjelledalsstølane til Øytjørni. Vidare oppover ryggen.  Dersom du vil ta posten på Øytjørnnosi på samme turen som Hjelledalsvatnet, går du tilbake fra posten på Hjelledalsvatnet langs samme stien, men tek til høgre på skrå opp lia mot Øytjørnnosi (bruk kart og gjerne kompass). Ned att frå toppen følgjer du vardar mot utløpet av Øytjørn, til merka sti mot Hjelledalen att. Ein lang, men flott tur om du set av dagen. På varde Krevjande
4 Hjelledalsvatnet 1114 moh. Start frå Hjelle, på sti inn Hjelledalen forbi begge Hjelledalsstølane til Øytjørni. Kryss utløpet av Øytjørn. Deretter følgjer du ein litt utydeleg, men T-merka (DNT) og varda sti vidare inn Hjelledalen til Hjelledalsvatnet. Ved utløp Krevjande
5 Rosendal 838 moh. 1. Frå Fornabu til Jåtelistølen, følg stien utover. 2. Via Soten og innover åsen til Jåtelistølen. Fellestur med Årdal Turlag 1. oktober 2016. På tre ovanfor sela. Krevjande
6 Soten Ca 800 moh. Opp frå Hagane/Skogli i Indre Offerdalen. Gå på Skogsveg. Fellestur med Årdal Turlag 1.oktober 2016. På tre ved hytte Middels
7 Li Støl i Fardalen, 862 moh. 1. Start frå Holsæter i Fardalen. Gå gjennom grinda inn på tunet på Holsæter Gard. Så gjennom ny grind til høgre for fjøsen. Ned mot elva og skarpt til høgre til stien ned til brua. Det kan vere lause hundar i området, så vis omsyn og hugs på å lata att grinda etter deg! Me ber dykk også vere merksame på at ein må vere forsiktig på begge sider av brua ved Holsæter gard, her er det litt smalt og sleipt. Frå brua er stien til Li er merka og rydda i år og skal vere grei å fylgje. 2. Frå Tausebakken i Fardalen. Gå over brua på Tausebakken rett nedanfor dei to hyttene. Følg skiløypa ca 150 meter mot Skihytta før du tek opp til venstre. Stien er merka med band og raude merke på tre. Følg stien til Hytta. Vidare følg Hyttebekken oppover til Hyttefjellet. Når du er  i høgde med kraftlinja, følg denne heimover til du ser  Li. Det kan vere vanskeleg å finne Li når du kjem ned i skogen, så pass på å ta ut retninga før du går ned!   På tre Middels
8 Ormsete Støl i Nundalen, 960 moh. 1. Frå Seimsdalen via Feninga. 2. Gå over frå Fardalen sør for Synnos, via Li eller Hytta til skar ovanfor Osestølen. Her er det fleire dyretråkk, så pass på at du held til høgre (retning Feninga ikkje Sjursete!) når du slepp deg ned på Seimsdalssida. Du ser tuftene på Ormsete ganske høgt oppe. Ved sel/tufter 1. Lett, 2.Krevjande
9 Eldegardsnosi 1447 moh. 1. Frå Eldegarden via Kvernli. 2. Frå Rausdalen forbi Småløypevatnet. Ved varde 1. Krevjande, 2.Lett
10 Biskopnosi 1477 moh. Start på sti som går frå gamlevegen frå Sletterust mot 1000-meteren. Ved varde Middels
11 Krekanosi 1555 moh. Frå Sletterustdalen, opp mellom Biskopvatnet og Krekahøgdi. Ved varde Krevjande
12 Kvenli (Kvernli) 860 moh. Frå Eldegarden. Følg sti til Skåltrokle og vidare mot Kvenli. På tre Middels
13 Melsete 796 moh. Opp Steiggjeli til Løst, evt. via Eldegarden/Skåltrokle til Løst. Kryss elva på bru like innanfor Løst. Vidare inn langs elva på høgre side. Kryss Fossdøla att på bru og følg sti til stølen. På tre Middels
14 Gruvefjellet 1520 moh. 1. Frå brua nedanfor dei to hyttene på Tausebakken (ca 500m før skihytta i Fardalen). Gå ca 150m langs skiløypa mot skihytta før du tek opp til venstre. Herifrå er stien til Hytta rydda og merka med band i år. Evt. start frå skihytta i Fardalen. Gå over brua i skiløypa, opp på Myri og rett opp (merka med raudt på tre opp frå Myri) til du kjem opp i stien til Hytta.  2. Frå Stokkesete i Fardalen og sørover mot Trollvatni. 3. Frå Seimsdalen via Feninga og Grønndalen. Sjå bloggen til Johhny Asperheim (http://www.porten.no/blogg/@jonny-asperheim/helgaturen-gruvefjellet-grondalsfjellet) for beskrivelse av ruta frå Seimsdalen. På varde Krevjande
15 Steindalsnosi 1280 moh. Følg sti til stølen i Slettedalen. Ta deretter opp til Mjukevatnet og på skrå opp til Steindalsnosi. Ser toppen heile vegen, 2 tydelege varda. Flott å kombinera med posten på Store Slettedalsvatnet om ein ynskjer ein litt lenger tur (ca. 5-6 t tur). Ved varde Middels
16 Store Slettedalsvatnet 1054 moh. Via Nystølen i Ofredalen, vidare på sti mot Slettedalen. 1. Gå opp via Tverrelvi eller 2. Følg stien inn til stølen i Slettedalen og deretter opp til Store Slettedalsvatnet herifrå. Ved steinbu (nordaust for vatnet) Middels
17 Vetanosi 1134 moh. Følg sti frå Fodnes mot Fagerset, så vidare oppover mot nosi. Post ved varde. Den er ikkje på høgaste punktet. Ein må gå litt vidare mot Lærdal, holda litt til høgre for toppen om ein går frå Fodnes. Sjå også bloggen til Johnny Asperheim (http://www.porten.no/blogg/@jonny-asperheim/helgaturen-vetanosi) . Ved varde Krevjande
18 Åsetevatnet 1180 moh. Start frå Åsetelvi ved skihytta i Fardalen. Følg sti til Åsete. Kryss Åsetelva på bru nedanfor stølen. Vidare framover langs elva ca 300m før stien tek til høgre opp langs elva som skjem frå Skjerpedalen. Kryss elva før det vert for bratt. Når elva svingar til høgre mot Skjerpedalen, fortsett rett fram over sletta mot skaret til Åsetvatnet. Retur same veg eller via Gravdalen og Avdalen til Hjelle. Bru over Gravdøla rett ovanfor stølen vert vanlegvis lagt ut i juni/juli og teke inn att om hausten. Ved jaktbu Middels
19 Soleibotntind 2083 moh. Start frå Tindevegen. Du  parkerer på plass ved Tverrelvi, ca 1240 moh. På varde Krevjande
20 Åsenosi 1. Frå Svalheim eller Moa om Fugleåsen. Merka sti frå Åsen.2. Frå Holsbru. Følg sti mot Kvannetjønn. Hold til venstre for vatnet, mot skar, vidare i retning mot Engjasetvatnet. På varde Krevjande
Utsikt  frå Store Soleibotntind
Utsikt frå Store Soleibotntind
Ved Åsetvatnet.
Ved Åsetvatnet.
Melsete
Melsete
På veg til Hjelledalsvatnet.
På veg til Hjelledalsvatnet.
Stølen Li i Fardalen
Stølen Li i Fardalen
Ormsete mot Sjursete.
Ormsete mot Sjursete.
Frå Åsenosi.
Frå Åsenosi.
Biskopsnosi
Biskopsnosi

Klikk her for å skrive tekst.

Store Slettedalsvatnet.
Store Slettedalsvatnet.
Vetanosi
Vetanosi
Steindalsnosi
Steindalsnosi
Posten på Gruvefjellet.
Posten på Gruvefjellet.

Skrevet av Kristin Hestetun 20. juni 2016