Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

Årdalskalenderen 2021

Klare for nedkøyring til Hjelledalsvatnet.
Klare for nedkøyring til Hjelledalsvatnet. Foto: Anders S. Hestetun

Har du teke eit flott bilete du vil ha med i Årdalskalenderen 2021?

ÅRDALSKALENDAREN 2021

Har du teke eit flott bilete du har lyst å ha med i Årdalskalendaren 2021?

Årdal Turlag har starta arbeidet med neste års Årdalskalendar, og me ynskjer ditt bidrag:
Har du teke eitt eller fleire gode bilete frå Årdal som du ynskjer å få med i kalendaren, set me stor pris på om du sender det/dei til kalendarnemdi i Årdal Turlag på e-post til: 

ardalskalenderen@gmail.com. 

Hugs å skrive kvar biletet er teke og kven som er fotograf.
For å lette arbeidet for kalendernemdi er det fint om de merkar biletfila slik: 
fornavnetternavn_ddmmåå.filformat. 
Døme: JensJensen_230718.jpg

Frist for å sende inn bilete er 28. september 2020.

Årdalskalendaren er ei viktig inntektskjelde for Årdal Turlag, og me set stor pris på alle som støttar opp om arbeidet vårt ved å sende inn bilete.

Har du spørsmål? Send oss ei melding på Facebook!

Me håpar de sender inn mange fine bilete til oss i år også!
Lik og del, folkens!

Skrevet av Kristin Hestetun 22. september 2020