Tur til Steindalsnosi og Slettedalsvatnet

Årdal Turlag på tur til Steindalsnosi og Slettedalsvatnet 2017.
Årdal Turlag på tur til Steindalsnosi og Slettedalsvatnet 2017. Foto: Jorunn Frivik

Åtte stykkjer var med på turen til støls - og topptrimpostane Steindalsnosi (1280 moh) og Store Slettedalsvatnet i Offerdalen på søndag. Trass i overskya og litt vind vart det ein fin tur. Nedanfor kan du lese Jorunn sin rapport frå turen.

Turen starta i Offerdalen på ca. 580 moh. På merka sti via Nystølen 800 moh. til Slettedalen 930 moh.

Der vart det pause med litt mat, ståande i lee ved selet (hytte). Der trefte vi Bjarne. Han forklara om forskjellege stiar i fjellet , interessant å få med seg. Einaste vi trefte på turen .

Så var det å legge i veg igjen, via Mjukevatnet og retning Steindalsnosi

Der blæs det friskt 6 C° og overskya på heile turen.

Vi fant ei lun hole og tok ein skikkelig mat pause og kosa oss.

Så var det berre å legge i veg innover fjellet i frisk bris.

Så tempoet vart sett opp. Mot neste post store Slettedalsvatnet ved jaktbua. Med ein liten rast og fotografering.

Så var det å tafatt på heimveg på varda sti ned til Tverrelvi , der vi kom inn på stien vi gjekk opp.

Så vart det ein rast på Nystølen, opplading til siste etappe.

Ca 40 min så var vi ved bilane igjen.

Turen tok ca. 6,5 t totalt.

Fin tur!

Skrevet av Kristin Hestetun 26. september 2017