Gålaget 25. april - Bergmål mot Fodnes

Foto: Harald Yndestad
Onsdag 25.04 hadde Gålaget sin fyrste vårtur i 2018. Det møtte opp 60 turglade personer som ville vera med. Turen gjekk frå Bergmål og utover fjorden mot Fodnes. Mest ingen i gjengen hadde vore her tidlegare. Anton var turleiar og hadde mykje å fortelja der vi vandra på ukjente stiar og gamal skuleveg forbi gamle gardar og nye hytter. Etter den korte turen var det berre positive tilbakemeldingar. Ein kjempeflott tur!
Neste onsdag går vi Ljøsnaveiti i Lærdal.

Foto: Harald Yndestad