Tur til Vetanosi 17. juni 2018

Tur til Vetanosi i Lærdal 17. juni 2018

6 deltakarar var med på turen til støls og topptrimpost, Vetanosi 1107 moh.

Turen starta frå Fodnes, bratt oppstigning på fin sti .

Utsiktspunkt på Stegen 565 moh. Via Fagerset 891 moh. med utsikt inn Lustrafjorden mot Modlandsmarki og Urnes.

Skodda for forbi når turfølgjet nærma seg Fagerset. Der vart det matpause. Før vi var klare til å gå letta skodda. Derifrå bar det beinveges til målet. Framme ved varden vart det signering i boka, og fotografering. Retur via høgaste toppen og ned i stien til Fagerset. Der tok me ein kaffipause.

Nesten nede til husa på Fodnes kom regnet, vi såg regnbygene i alle dalar rundt oss på turen.

Alle var einige om at det var ein fin tur.

 

Takk for turen.

 

Turleiarane

Jorunn og Magne