Tur til Raudbergsnuten 19. august 2018

Raudbergsnuten (1805 moh) søndag 19. august.

14 spreke deltakarar var med på turen til Raudbergsnuten i dag. Me starta fra anleggsvegen rett etter Nedre Vikadalsvatnet kl 0945. I lett yr og med skodda i høgden, var det mange som var topp motiverte til å helsa på postkassen på toppen 

Etter å ha passert Raudbergtjørni tok me ein liten matpause i 1130 tida. Deretter tok gruppa fatt på oppstigninga til nuten. Den var tidvis noko bratt, så det var ein godt fornøgd gjeng som nådde toppen og skreiv seg inn i boki.

Me spanderte på oss ein liten rundtur på toppen for sjå på fjellområda ikring. Nedstigninga blei lagt til ei anna rute, noko som innebar klyving. Da var det godt å setja seg ned for matpause nr 2. Med selskap av ei varm og god sol fekk me oss ein god pause før me vende nasen nedover i retning Raudbergtjørni. Turfølgjet nådde parkeringa på anleggsvegen i 1615 tida.

Takk til kjentmann Jon Einemo som har losa oss vel gjennom turen i dag og delt kunnskap og historiar frå området. Alltid like kjekt.

Og til alle kjekke og spreke turdeltakarane: i dag lagde de ein flott tur! Takk for følgjet!