Gålaget 11.mai: Ramneberg

Då Gålaget tok turen til Ramneberg 11.mai, var det 47 stykkjer med på turen. Heile turreferatet finn du her.

Dato :  11.05.2016

Antal:  47

Turleiar:  Gunvor

 

Dette var ein ekstra tur som vart sett opp i staden for Tynjadalen. Dei fleste i gjengen hadde aldri vore på Ramneberg før, nokre hadde vore der som ungar og berre nokre få hadde vore der nyleg.  Stien er no rydda og merka oppover, så den er godt synleg.

Vi starta frå parkeringsplassen og det var nok mange som undra seg på den store flokken som gjekk opp Mjøbakkken. Like ovanfor siste huset tok vi av kjørevegen og inn på stien. Her har det nok vore ein kløvjeveg tidlegare for det er laga steinmur på utsida. I gamle dagar var det små slåtteteigar i Mjøen og her lauva dei til dyrefor.  Oppover lia hadde vi flott utsikt ned til skytebana, til Moa og Moadalen og fjellvegen til 1000 meteren. Frå denne sida ser ein og heile verksområdet og over oss går kraftlinja frå Fortun.

Lenger oppe vart stien brattare og meir steinete. Sola varma og vi måtte ta mange små drikkepausar. Etter knapt 1 ½ time var dei siste komen opp til Bringesteinen. Her slo vi oss ned og kunne berre nyta den flotte utsikta over Øvre med Storevatnet og den snøkledde toppen av Bøttejuv i bakgrunnen. Eit syn som vart festa til mange mobilar og fotoapparat.  Eg trur det aldri før har vore så mange velvaksne folk samla her oppe tidlegare.

Vi tok ein halv times pause før vi gav oss i kast med bratta nedatt. Stien er merka vidare innover til Botn og så nedatt til Haug.   Nede i lia traff vi ein ung gut på veg oppover til Botnanosi. Han var så imponert over oss at han skrytte av Gålaget på Fb.

Alle kom vel ned og var fornøgde med turen. Neste tur går 18. mai til Amlaholten i Kaupanger.

Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 16. mai 2016