Gålaget 25.mai: Avdalen

25.mai var det Avdalen som stod på turprogrammet til Gålaget. Turreferatet les du her.

Dato:  25.05.2016

Antal:  53

Turleiar:  Magnar

I strålande ver parkerte vi på Hjelle og i Skåri venta fleire som hadde sykla innover. Kjell Audun tok oppteljing då vi passerte og turgjengen var 53.

 I Vettisgjelet var ikkje sola komen ennå. Ei flomstor elv og govet frå Avdalafossen gjorde at det var godt å ha ein jakke på.                                                                       Ved Avdalsbrua stoppa vi og beundra den store og flotte fossen. Så var alle samla og vi tok av på stien opp til Avdalen.  Magnar hadde eit roleg tempo oppover i lia der sola no var komen fram. Vi hadde to pausar og så var vi oppe på Hagaberg som var ein husmannsplass under Avdalen. Den fyrste stova på Hagaberg står no som stabbur på Skåri og er rekna som det eldste attståande huset i Årdal. På Hagaberg levde til 1915 den siste her i landet som var spedalsk. Plassen vart fråflytta hausten 1950.

 Vi slo oss ned her ei god stund og tok mange bileter av det flotte utsynet vi hadde framfor oss.  Mektig var det. Den djupe dalen heimover omkransa av dei irrgrøne  skogkledde  liene med sine snødekte fjelltoppar, med den brusande Avdalsfossen og elva i botnen og Avdal Gard som låg bada i solskin oppe i bratte lia. Som ei sa «Den som kunne frysa dette flotte bilete».  Ja vi er heldige som kan nyta dette ein onsdag i mai.

Oppe i Avdalen venta Rigmor på oss med kaffi og nysteikte vafler.  Garden vart rydda på slutten av 1500 talet og dei fyrste brukarane kom frå Luster. Navnet kjem av at det er ein «afsidesliggjande dal». På det meste var det to husmannsplasser og to stølar på eigedomen. Gamlevegen, Avdalsskori, går frå Skåri og opp i bratte fjellveggen via ei renne i fjellet. Renna er om lag eit par meter blei og 300 meter lang. Avdalen vart fråflytt i 1962.  I dag har vi med oss 2 som var født her oppe.

Vi hadde ei fin stund og ein lang kaffipause rundt på gardstunet. Takk til Rigmor og hundane for flott servering. Så bar det i veg nedover på den bratte stien. Alle kom vel ned og var enige om at det hadde vore ein fin dag.

Neste tur går til Hagaskrejuvet i Ofredalen.

Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 30. mai 2016