Gålaget 18.mai: Amlastølen/Kaupanger

18.mai gjekk turen ut av bygda for Gålaget då Amlaholten på Kaupanger stod på programmet.

Dato: 18.05.2016

Antall:  51

Turleiar/Kjentmann: Tor/Ulf Menes

 

I dag skulle Gålaget ut av bygda for å gå til Amlaholten i Kaupanger der ingen hadde vore før. Vi kjørte opp tunellen og tok av ved skiltet til Simas. Der venta Menes på oss saman med 2 turgåarar som ville vera med på turen, den eine frå Sogndal.

Vi fortsette vidare oppover og parkerte like nedanfor hytta til Statsskog. Menes gav oss ei kort orientering om turen. Dersom det hadde vorte regn ville han tatt oss med på ein omvisning på fabrikken til Lerum. Litt yr kom det då vi tok inn på skogsvegen som var brei og fin å gå på.

Eit stykke oppi lia peika Menes ut tuftene etter ein gamal husmannsplass, Festningsdalsgjerde.  Bonden her hadde potetkjellar og om hausten let han døra stå åpen slik at hjorten gjekk inn og så var det berre å slå han ihel med øksa.  Det var også fengsel på plassen og her sat mellom anna Gjest Bårdsen før han vart sendt til Bergenshus.

Skogen her er idag i eiga til Heiberg. Den er så tett så vi har ikkje mykje utsikt, men vi kunne sjå ned på Simas-bedrfta og litt av fjorden.  Den fine skogsvegen gjekk så over i skogssti og vi fekk nokre små motbakkar, men Menes leia i fint tempo med små pausar og underheld oss med historiar som fekk latteren fram hjå alle. Han gav oss og tips om andre turar vi kunne gå i Kaupanger.

Oppe på toppen skreiv alle seg inn i trimboka til Kaupanger Idrettslag. Vi hadde flott utsikt utover fjorden og over til Frønningen og Refsnes.  Det vart teke mange bileter og vi tok ein lang kaffipause i det fine veret før vi starta på nedturen.  Vi takka Menes for ein kjempeflott guida tur og som takk fekk han ei Gålagsskjorte.  Dei fleste nådde ferja kl 1400.

Neste onsdag skal vi til Avdalen.

Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 23. mai 2016