Gålaget 15.juni: Ormeli/Fortun

Nok ein gong tok Gålaget turen ut av bygda. Denne gong gjekk turen Ormeli i Fortun.

Dato:  15.06.2016

Deltakarar:  59

Turleiar/kjentmann: Gunvor/Torill Yttri Otterhjell

Det var ein lang bilkortesje som tok av hovudvegen i Fortunsdalen og inn på grusvegen mot Ormeli. Støvskya stod høgt etter oss og kva bebuarane tenkte då støvet la seg på hus og hage og klesvasken som hang til tørk er det godt vi ikkje veit.  Heilt inne på grassletta der vi skulle parkera venta Torill Otterhjell på oss. Ho hadde sykla i førevegen og skulle vera guiden vår opp til Ormeli. Etter at dei fleste bilane var på plass godt hjelpt av «parkeringsordnarane»  var det berre to bilar som parkerte innanfor grinda.

Etter ei kort orientering av Torill starta gjengen på den svingete vegen opp til den solvendte fjellhylla, 450 moh, der garden Ormeli ligg med flott utsikt nedover Fortunsdalen.  Av dei 7 siste syskina som vaks opp i Ormeli er det berre mor til Torill som lever att, over 90 år gamal. Mor deira kom frå  Åbøle i Fardalen. Syskinparet Kjellaug og Erling var dei siste fastbuande i Ormeli. I 2004 då helsa deira svikta flytta dei ned i bygda. I fem generasjonar hadde då famelien budd på garden.  Kjellaug har fortalt meg at vintrane var ofte harde med glatt blank is på fjellhhylla. Då lagde dei seg sko og smurde sålen inn med tjøre slik at dei ikkje skulle gli. Skulevegen var bratt og lang. Dei gjekk på skulen annankvar dag nede på Bjørk. I 1608 vart Ormeli delt i 2 bruk – Øvreli og Nedreli. I dag er det Torill som eig Nedreli, men ingen bur der. Nokre kyr beita der og i fjellsidene gjekk geitene deira. Toril fortalde og peika ut tuftene etter ein husmannsplass og Bukkeholten og liksteinen m.a.

Så var vi oppe ved garden Ormeli. Dei nyaste undersøkingsmetodene viser at garden har vore i drift i over 4000 år – frå tidleg steinalder. Den store steinstova vart truleg oppsett kring 1800. «Herberget» reknar ein med er det eldste huset fortalde Torill. Under eit restaureringsarbeid av grunnmuren fann dei ein attemurt åpning der dei i gamle dagar tok ut likkista. Denne kunne dei ikkje bera ut døra då kunne den avdøde finna vegen innatt. Ferdselsvegen over fjellet til Gudbrandsdalen gjekk forbi Ormeli og er over 3000 år gamal.  I dag er Ormeli/Øvreli freda og det er ein stiftelse som eig garden, alle husa, øvre og nedre stølen samt Engi med sitt mangfald av blomster og planter. Eg var heldig og fekk vera med på denne høgtida. 

Vi hadde ein lang kaffipause i bakkken ovanfor løa. Som takk for flott guiding og all historie Toril gav oss fekk ho ei Gålagsskjorte.  Vegen nedover gjekk lett og så var det god laksemiddag på Fjordstova. Berre godord om turen var å høyra. Neste tur går til Haugstad i Nundalen.

Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 20. juni 2016