Gålaget 22.juni: Haugstad i Nundalen

22. juni tok Gålaget turen til Haugstad i Nundalen

Dato:  22.06.2016

Antal:  34

Turleiar: Bjarne

Nesten alle bilane fekk plass i svingen der stølsvegen til Sjursete startar. Så bar det oppover i fint tempo med eit litte stogg ved Dørhedla der vi turka av oss «heimaplagene» før vi kom på stølen.

Sjursete, 750 moh, er ein fin støl med fleire restaurerte stølshus og med ein åpen beiteplass – Storevollen.  I dag er det ingen dyr som beiter her, stilt ligg stølen der det før i tida var mykje folk og husdyr her. Da Anne Sofie var lita jente var ho på stølen med bestemor si mange somrar. Vi tok ein drikkepause her før vi gav oss i kast med stien framover. Mange stader var stien attegrodd og vi måtte over ein del våte myrar og vårbekker, men med litt hopp og sprett kom vi alle over utan problem.  Ved Sjursetetjødni tok vi matrast og ei god kvil.

Så bar det framover lia på god sti til vi tok av og rett ned mot elva. Mange tre var nedbrotne av snø og vind, men Bjarne hadde teke med seg snel og hogde veg. Rett etter brua såg vi restane etter kverna/mølla. Vegen nedover er bra her, fin og graskledd over blomsterenger. Garden Torpen som er den fyrste garden vi kjem til har no gjeve etter for ver og elde og er heilt samanrast, berre murane står att, men er snart overgrodd.

På Haugstad samla vi oss i tunet. Her har Stiftinga Nundalen gjort eit stort og flott arbeid med oppattbygging av husa og hindra attegroing av bøane. På «hoggestabben» låg ein avkutta hjortefot.  Haugstad reknar dei med var den fyrste garden i dalen, frå ca 1330 og låg under kyrkja i Fortun. I 1862 vart den løyst frå kyrkja. No har Stiftelsen bygsla Haugstad for 80 år og – «skal halda den i stand for å syna oppveksande slekter korleis folk livnærte seg i Årdal…»

Nundalen har ei rik historie og var og er eit unikt dalføre som ikkje har hatt fast busetnad på over 50 år.  I ein periode var det 10 større og mindre bruk i dalen. Det er no over 40 år sidan eg gjekk opp dalen fyrste gongen og etter mange turar hit seinare ser eg i dag korleis dalen gror att.  Om ikkje så mange år vil husa vera borte og skogen har overteke. Vegen blir attegrodd og ingen vil gå opp dalen frå vatnet. Trist! Kven skal da fortelja historia om Nundalen til oldebarna våre?

Etter at vi hadde skreve oss i «besøksboka» og beundra dei flotte murane på nedsida av fjøsen tok vi i veg på den bratte lia oppatt.  Tempoet var fint, men det vart ein par kvilepausar før vi var nede ved bilane i Torli.  Turen hadde teke ½ time meir enn sist vi var her, men det hadde vore ein fin tur. No er det ferie 3 onsdagar framover.   Neste tur går til stølen Røyteholet på Indre Hafslo med middag på Eikum etterpå.                                                                                                                                

-Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 27. juni 2016