Gålaget 20.juli: Røyteholet

Gålaget sin fyrste turen etter ferien gjekk til Røyteholet på Indre Hafslo.

Dato:  20.07.2016

Antal:  63

Turleiar:  Leif Åberge

Dette var fyrste turen etter ferien. Alle var spente for ingen hadde vore på denne stølen på Indre Hafslo.  I tillegg hadde vi med oss 9 turgåarar frå Brüssel. Desse er med i ei turgruppe der nede og hadde lyst å besøka Årdal, Luster og Borgund. Gålaget hadde besøk av ei gruppe i fjor som hadde skrytt over kor flott natur vi hadde og kor fint det var å gå tur i områdene her.  Nokre i Gålaget var med dei til Paradisjuvet og Ne’før sjøen i Ofredalen. Så gjekk dei ein dag Vindhella-vegen og besøkte Borgund Stavkyrkje. Dei var og i Jostedalen og tok ein tur med Flåmsbana.  

Leif hadde ordna med omvisning i Joranger kyrkje og her møtte vi kyrkjetenaren og Ingolf Joranger. Famelien hans var ein av dei som stølte i Røyteholet.  Joranger kyrkje vart truleg bygd i 1620. Sjøl om kyrkja ikkje er så stor, har ho noko høgreist og majestetisk over seg der ho ligg på eit høgdedrag med utsyn mot Lustrafjorden. Dei gamle bjelkane i taket er dekorert med bibelord frå Det gamle testamentet og altertavla inneheld mellom anna Herrens bøn. Alle fekk plass i benkene og etter den interesante historia om denne gamle kyrkje stemte «kyrkjelyden» i med «Lat oss leva for kvarandre og ta vare på den tid vi har..» og årdølene kan syngja!  Etterpå gjekk vi rundt kyrkja og beundra den velstelte gravplassen. Så bar det i veg oppover mot stølen. Nokre hadde ikkje fått med seg at det var parkeringsplass lenger oppe og  laut gå eit godt stykke. Berre fire bilar kjørte heilt opp og hadde  ein halv time å gå opp til stølen.

Røyteholet var ein kjempeflott støl med oppattbygde stølshus som låg i bakkane ovanfor eit lite vatn.  Herifrå hadde vi utsikt mot Jostedalen, breen og fjell og toppar så langt ein kunne sjå.

Dei fleste ville gå opp til «Speilet», eit utsiktspunkt som det tok ein halv time å gå opp til.  Og her skal eg sei det var utsikt. Rett under oss hadde vi tettstaden Gaupne, og den grøne Lusterfjorden.  Vi såg hytter og stølar i Enjadalen og på andre sida av fjorden låg  Feigefossen og bygdene utover mot Ornes. Det var ikkje lett å riva seg laus frå dette vidsynet, men vi måtte starta på turen nedover.

Vi tok farvel med Røyteholet og sette kursen mot Eikum hotel og middag. Det smaka godt med kald drikke ute i hagen før servering. Maten var som alltid kjempegod. Etter å ha takka dei Belgiske turvenene våre  for at dei ville vera med oss fekk dei kvar sitt turlagsemblem til minne om Årdal. Dei ville ta Tindevegen heimatt og var svært fornøgde med turen og opphaldet.  Ein fin stølstur hadde vi hatt denne dagen.      Neste tur går inn Årdalslangedalen i Fardalen.

-Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 25. juli 2016