Gålaget 27.juli: Årdalslangedalen/Hestedalen

Gålaget på tur i Fardalen - matpause ved Hestdalsvatnet.
Gålaget på tur i Fardalen - matpause ved Hestdalsvatnet. Foto: Magnar Fredheim

Gråver og litt regn stoppar ikkje Gålaget! I dag gjekk turen til Fardalen.

Dato:           27.07.2016

Antal:          26

Turleiar:     Bjarne


I dag var det heller litt grått i veret og det var varsla litt regn utover dagen.  Dette gjorde nok sitt til at vi ikkje vart fleire enn 26.

Sidan turen i dag skulle gå til Årdalslangedalen køyrde vi til Lovadalsvatnet og stoppa på same plassen som vi har gjort fleire gonger tidlegare. Ved fyrste bekken me trefte på stoppa me, og Bjarne fortalde litt om opplegget for turen i dag.

Planen var å gå rundt vatnet og krysse elva  på oversida for lettare å kunne komme over. Men den gang ei, elva var så stor at me såg oss ikkje syn med å greie dette. Det vart til at me følgde elva oppover i Hestedalen og fram til Hestedalsvatnet. Her stoppa me og tok matpause, det var litt kald vind så me laut prøve å finne oss ein nokolunde lun plass. Veret var så grått i dag at dei flotte tindane gjekk me heilt glipp av.  No sette det og i gang med regnver, så når maten tok slutt var det også slutt på pausen. Halvtimen til Bjørn vart nok litt kort i dag.

Vi rusla ned att og var framme ved bilane i halv ett tida.  Neste tur går til Eldegardsnosi, får håpe på betre ver då.


-Magnar

Skrevet av Kristin Hestetun 1. august 2016