Gålaget 3.august: Eldegardsnosi

I dag gjekk turen til Eldegardsnosi.

Dato:  03.08.2016

Antal:  38

Turleiar: Idar Nesse


På grunn av vegarbeid i Jåteli måtte vi framskunda avreisa i dag. Dette vart kunngjeve på Facebook, ved Email og telefon. Sjølsagt kunne vi ikkje nå alle, likevel vart 38 med og i flokken var det 2 nye. Det vart ei lang rekke med bilar som tok av frå  Rv 53 og opp gamlevegen til Rausdalen og vidare innover til bommen ved Småløyptevatnet som vi alltid har kalla Småløyftevatnet,men som kartverket har døypt om.  Alle bilane vart parkert vidare ein som skulle til Sletterust, men som hadde hengt seg på oss og visst trudde dette var ein omveg. Ja slik går det når ein ikkje er kjent.

Ettter oppteljing tok vi av like etter bommen og det bar oppover over mark og stein og snøfonner til vi var oppe på flata og vi kunne sjå varden. Her oppe på høgda var det berre stein med nokre små «vasspøylar» innimellom.  Ved varden, 1447 moh, tok vi matpausen, og skreiv oss inn i turboka til Støls- og Topptrimmen.

Eldegardsnosi er ein flott topp med panoramautsikt i alle retningar spesielt mot Hurrungane med dei mektige Austabotntindane og store Ringstind. Dessverre låg skydekke lavt i dag, men vi hadde fin utsikt til Heirsnosi, Bøttejuvet og Skorsfjellet, Berdalseken, Hesten og Såta i den andre retningen. Temperaturen var fin, men litt småyr fekk vi her oppe.

Mens vi sat der kom det 6 andre personar opp for å ta turposten så det vart folksamt på Eldegardsnosi i dag.  Nedturen gjekk fint og vi kom ned på anleggsvegen eit stykke ovanfor Berdalsvatnet.  Klokka var rundt 1400 då vi var nede ved bilane, då hadde vi hatt ei gangtid på 2 timar og 23 min og gått 7,1 km ifølge Bjarne. Ein fin tur hadde vi hatt til Eldegardsnosi der ikkje så mange hadde vore tidlegare.

Neste tur går til Slutedalen på Filefjell.

-Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 8. august 2016