Gålaget 10.august: Slutedalen/Filefjell

Dagens tur gjekk frå Sluten på Filefjell.

Dato:  10.08.2016

Antal:  24

Turleiar:  Tor


Vi parkerte på Sluten, mellom Smedalsvatna der anleggsvegen over mot Vikadalen startar. Sola skein, men det bles ein kald vind så det var på med vottar og vindtøy. Vi gjekk eit stykke oppover på anleggsvegen før vi tok av på høgre sida av elva frå Slutedalen. Det er sti på begge sider av elva, men den som er inntegna på kartet går på høgre sida så vi tok den. Stien gjekk bratt oppover så nokre små pustepausar måtte vi har før vi nådde toppen.  Her hadde vi flott utsikt over til andre sida av vatnet der det var stor aktivitet med vegutbygginga heilt opp til Kyrkjestølen. Det blir nok fint over her når alt er ferdig.

Stien fortsette så innover dalen. Vått over myrane, og nokre småbekker måtte vi hoppa over, men alt gjekk bra.  Vi fann ein lun bakke der vi tok matpausen i sola. Eit par gjekk forbi nede på stien. Dei hadde full oppakning og forsvant innover. Svein orienterte litt om turen til Øigardseter neste onsdag. Etter at fleire har sagt fra at dei ikkje kunne vera med vert vi 60 og det er flott.  Sverre orienterte om turen til Svarteknippa den 24. august.  Vi går opp den merka løypa frå Sletterust. Håper vi får betre ver enn sist då vi skulle hit og måtte endra turen på grunn av skodda på toppen.

Etter pausen vart vi einige om å fortsetta vidare, hadde lyst å sjå fyrste Slutevatnet og tok ei høgd til. Heller ikkje her kunne vi sjå vatnet, men no tjukna det til langt framme i dalen. Tor meinte det var best å snu då vi hadde over 1 km att fram til vatnet.  Vi hadde ikkje gått langt før haglebya brått var over oss, men den gjekk fort over og sola kom fram att. 

Med hopp og sprett over bekker og myrhol var vi på toppen av bakken att. Vinden hadde no turka opp stien nedover og vi var snart nede ved bommen. Nokre tok ein tur utpå moltemyrane og fekk smaka på store velmodne molter.  Vi andre var nede ved bilane 1415 og hadde da gått 8,3 km.  Ein liten pause vart det på Kyrkjestølen medan vi venta på grønt lys.  Det hadde vore ein fin tur i ukjent terreng.

Neste tur går til Rondane med overnatting på Øigardseter Fjellstove.

-Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 15. august 2016