Gålaget 17.-19.august: Øigard Fjellstue/Høvringen

Gålaget 2016 - Anaripiggen, Høvringen
Gålaget 2016 - Anaripiggen, Høvringen Foto: Årdal Gålag

I år gjekk overnattingsturen til Høvringen.

Dato: 17 - 19.08.2016

Deltakarar: 56

Turleiar: Svein

Kjentfolk: Anna og Svein


56 forventningsfulle Årdøler køyrde opp Fardalen til sitt 4 opphald på Øigardseter Fjellstue onsdag 17.08.16. Litt for mange avmeldingar i forhold til fyrsteoppsettet, der me hadde heile 71 påmelde.

Svein hadde kjøpt brikke og losa alle 22 bilane trygt gjennom bommen på Tindevegen. På Lom hadde me avtalt stopp, og der vart det tid til ein butikkrunde og ein liten kaffikopp. Men med svært mykje kvepps så var det mange som måtte forlata  kaffien. Så bar det i veg vidare og på Lalm tok me over til Sel.

Om lag kl. 1315 køyrde me inn på tunet til Øigardseter i strålande solskinn. Mottakelsen kunne vel ikkje vera betre i år heller, med den omfavnelsen under tegna fekk hjå vertinna på Øigardseter.

Nestegard frå Hol vart forseinka PGA vegarbeid mange stader, så dei dukka opp fyrst kl. 1500 og me måtte difor be om at dei fekk seg ei forseinka servering. Lunsjen var, som for 3 år sidan, eit kapittel for seg sjølv og det var berre vellete å høyra om maten. Etter ein liten avslapping var me klare for ein rundtur i turløypa opplagd rundt Øigardseter, 43 vart med på denne turen. Beklageligvis var det nye eigarar på butikken i år, så den var diverre stengd då me kom att frå turen, men det vart no tid til ein liten «halvliter» i solveggen ved hotellet. Litt dusjing og pynting vart det tid til, før middagen. Det var aspargessuppe, oksesteik  og is til dessert, som falt i god smak hjå alle.

Etter kaffien med  «nogo attåt” hadde Tor laga til ein del bileter frå turar Gålaget hadde i 2011. Desse bileta m/Tor sine «DJUPE» kommentarar vart godt mottekne av forsamlinga. Me var og så heldige å  ha med oss to som feira 53 års bryllaupsdag, Reidun og Magne dansa brudevalsen etter trekkspeltonar frå Ivar. 

 Det var laga eige sanghefte, Ivar spelte opp, og songane klang godt i peisestova, ein liten svingom vart det og. Praten gjekk lett i dette gode selskapet, og dansen gjekk til over midnatt.

Turen torsdag gjekk til Anaripigg, der 43 starta og 2 snudde tilbake til Øigardseter, når me var komne halvveges, 8 valde ein lettare tur til Vardehø. Opprinnelig var turen oppsett til Formokampen. Attende på Øigardseter kosa dei fleste seg i solveggen, før lunsjen sto for tur. Forhåndsoppsettet på 3,5 time var om lag det me brukte.

Etter maten køyrde me opp og starta rett på løypa til Kongestein. På denne turen var 43 med. Me besøkte Høvringen fjellalter som var bygd i skiferstein inni i eit skogsområde. Me stemde i med sangen «la oss leve for hverandre». Etter dette, returnerte me til Øigardseter. Tross alt er mesteparten av oss no komne opp i ein alder av +/- 70 år, det skulle ein ikkje tru når ein ser dei turane me har vore på denne sesongen. Så var det å ta seg ein rask dusj før middagen sto for tur. I dag var det, tomatsuppe, kylling og sitronfromasj til dessert.

Kaffien vart servert og den tok me med inn i «storstova» der CD- en som Sigrun og Sverre hadde laga vart vist fram. Sigrun kommenterte kvar dei fine bileta var teke frå, som dei hadde teke frå tidlegare turar i   Gålaget. Sigrun hadde ein CD i reserve og den og vart vist fram. Odd Øvregard tok ordet og takka Gunnvor for to fine dagar og overrekte ho ei pengegåve som deltakarane på turen hadde samla inn. Odd las og opp eit skriv der Gunvor var innstilt til kulturpris, men som ikkje kom fram dette året, men Odd lova at dei skulle senda inn søknad på nytt.   

Ivar tok fram att ”Dragspelet”, der  me song ein del av av songane. Denne dagen såg det ut til at me hadde fått nok trim, så det vart lite av dansen i starten, men tok seg opp seinare på kvelden.

Maten på Øigardseter må opplevast, den er heilt spesiell, så ei stor stjerne til vårt koselige vertskap.

Gunnvor orienterte om neste tur skal gå til Svarteknippa.

Ved frokosten ovverrekte Gunvor vertskapet ”Kari og Arne” ei ”Aordalscognac” som takk for eit koseleg opphald. Arne takka og sa att me var hjertelig velkomne attende, men no hadde dei overlete hotellet til nye eigarar. Etter 40 år gledde dei seg til at dei i 2017 skulle ha sommarferie for fyrste gong.

Etter frokost tok me farvel med Øigardseter og starta på heimturen, der det vart teke fleire alternativ på vegen til Årdal.

Ettermælet frå Øigardseter må ein vel også denne gongen, trygt kunna fastslå vart atter ein suksess for Årdal Gålag, etter 3 koselege dagar i strålande værforhold alle dagane.

-Svein

Skrevet av Kristin Hestetun 22. august 2016