Gålaget 24.august: Sletterust 

På grunn av dårleg ver gjekk dagens tur frå Sletterust og utover gamlevegen mot Heirsnosi.

Dato:  24.08.2016

Antal:  20

Turleiar:  Sverre


Det var meldt kraftig regn utpå dagen så det var vel ein av grunnane til att vi ikkje var fleire. Vi parkerte ved Damvoktarboligen på Sletterust og endra turen der og da. Alle var enige med Sverre at vi la turen utover Gamlevegen. Veret var fint, berre litt lavt skydekke  på toppane.  

Vi starta så på Gamlevegen med nokre stopp her og der for å diskutera kven som hadde, eller hadde hatt, den og den hytta. Ikkje alle var like kjent nokre hadde aldri gått utover her. Ved bommen stoppa vi litt og beundra hytta til Olav som ligg så fint til nede ved eit lite vatn.

Langst vegen står det att fleire minne om tidleg vegbygging og om den første kraftutbygginga i Årdal.   Vi stoppa opp ved desse og Sverre fortalde, utruleg all den historia han kunne og som han delte med oss.

Vegen som vart kalla Heirsnosvegen starta opp i 1910 frå Øvre og gjekk i 42 «hårnålssvingar» opp til 1000 meteren. Den var bygd som ein anleggsveg fram til Sletterust. I dag står vegen på lista til Statens Vegvesen Region Vest som verneverdig.  I 1920 vart den bygd vidare til Tyinosen og seinare vart anleggsvegen vidareført til Oppland fylke og i 1934 vart den riksveg ut av fylket.

Det var lett å gå på grusvegen og snart var vi ute der bratte fjellet starta. Her går vegen på ei hylle i fjellsida, gjennom ein tunell og vidare utover til 1000 meteren.  Her ute, like før tunellen, har vegen rasa ut og vi vart stoppa av stengsel og skilt at vegen vidare var stengt.  Vi tok ein del bilete av raset.  Det var nifst å sjå korleis den høge muren var rasa ut, berre ein liten del av vegen står att. Håpar at nokon tek tak og ansvar for å mura oppatt eller laga ny veg her slik at vi kan sykla eller gå trygt heile vegen.  Denne historiske og inponerande vegen må ikkje stengast!

Vi snudde her og tok kaffipausen etter eit stykke på tilbakevegen. Pausen vart ikkje så lang for no såg vi at det tjukna til langt nede i Moadalen. Regnet var snart over oss så det blei ikkje nokon stopp før vi var på Sletterust att. Dei fyrste som kjørte rakk timekjøringa kl 1400, dei siste laut venta på 400 meteren i 3 kvarter.  Men ein kjempeflott tur eit stykke på den historiske vegen hadde vi hatt var alle enige om.

Neste tur går på Postvegen på Filefjell.

-Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 29. august 2016