Gålaget 31.august: Postevegen Filefjell

I dag gjekk turen til Lærdal.

Dato:  31.08.2016

Antal:  49

Turleiar;  Dagfinn Hegg Lunde

I dag hadde vi med oss 3 utflytte Årdøler og 2 som var med dei. Magnar stod ved bommen like ovanfor Nystova og losa oss inn på den store parkeringsplassen der. Her venta Dagfinn på oss og etter ei kort orientering la vi i veg mot DNT-stien som går mot Sulebu. Over myrene var det lagt ut treklopper så det var fint å gå. Vi stoppa litt opp og Dagfinn peika ut hytta til Max Manus som ligg fint til ute på neset. Manus fekk tomta av grunneigar for sin innsats under krigen.

Det var ei lang lang rekke som starta på motbakken. Vi skulle opp i 1200 moh. Dagfinn peika ut fleire kolgroper langst stien og fortalde at det hadde vore stor industri her oppe med utvinning av m.a. jern.  St. Tomas kyrkja vart bygd for alle folka som budde her. Vi kryssa Pilgrimsvegen som kom frå Valdres og fortsette bort til kyrkja. Nesten oppe på høgdene tok vi av frå T-stien og fortsette på den gamle Postvegen.  I 1647 vart fast postrute mellom Bergen og Oslo organisert og skulle gå over Filefjell.  Postruta tok 11 dager og mange måtte overnatta på Gamlestoga.  Det vert fortalt at i gamal tid skulle det halda til ein forferdeleg fyr på Gamlestoga som røva og drap pengesterke personar som tok inn her for overnatting. Seinare vart det funne lik og beinrestar i eit lite vatn like ved og mannen vart teken.

Det bles friskt oppe på høgdene, men vi fann litt ly i eit bakkehell og tok matpausen som vart heller kort i dag. Den smale stien gjekk vidare utover og vi hadde flott utsikt over til Nystova og fjella med hyttefelta. Det var stor aktivitet med vegbygging og tunellen frå Tyinkrysset som kjem ut her.  Det var meininga å fylgja Postvegen heilt til Kyrkjestølen  slik vi hadde gjort for 9 år sidan, men dette såg vi vart for langt. Vi tok av stien og sette nedover lia mot hyttefeltet. Magnar hadde gått her tidligare og var kjent. Det var bratt nedover og vi måtte over ei lita elv, men det gjekk bra med alle.  Vel nede i hyttefeltet blei alle invitert inn på hytta til Magnar og Oddrun på kaffi. Her var det dekka opp med bollar, lappar, og platekake,  kirsebærsyltetøy og ferske molter. Skal sei det smaka!

Vi hadde brukt ca 3 ½ time på turen og hadde hatt ein flott tur i fjellet. Dei utvandra Årdølene var vel fornøgd med turen og sa dei ville koma att, dette var eit flott opplegg.

Neste tur går i Fardalen.

-Gunvor

Skrevet av Kristin Hestetun 5. september 2016