Foto: Årdal Turlag

Toppturkurs 1. og 2. april 2017

For første gong blei det arrangert toppturkurs i regi av Årdal Turlag. For å ta seg av instruksjonsdelen blei Tyin Aktiv hyra inn. Dei stilte med to instruktørar på dei 8 deltakarane som deltok.


Kurset byrja laurdag 1. april kl 08 ved sporten på Filefjellheisen. Der var det utlevering og tilpassing av utstyr for dei som skulle leige utstyr for helga. Deretter hadde vi ein times teori om skredlære og informasjon om ulike typar utstyr (spade, søkestenger, skredsøkar, ski, bindingar, sko, bøker om skredlære etc). Værmeldingar og skredmeldingar (Varsom.no, regObs, Yr.no etc) blei gjennomgått og gruppa avgjorde at turen skulle leggast til Skørsnøse (1453 moh) denne dagen. Dagen starta med fint lettskya vær og tidvis solgløtt. Gruppa blei delt i to og praktisk øving med sjekk av skredsøkar blei gjennomført. Under oppstigninga stoppa gruppa og hadde gjennomgang av terrengvurdering og trasevalg i forhold til overheng etc. Vi fekk demonstrert måling av stigningsgrad ved hjelp av ulike metodar (kompass, spade). Grunna tiltakande vind tok vi matpause litt før vi nådde toppen.


                            






   

  

   Oppstigning til Skørsnøse                                                                           Gruppa på toppen av Skørsnøse (1453 moh)

Det var fleire turgrupper på Skørsnøse denne dagen. Før vi starta på nedkøyringa fekk vi nokre skiteknikk tips. Nedfarten blei prega av vekslande føre, med gode forhold til å byrje med til skikkeleg «luggeføre» i det nederste partiet. Dagen blei avslutta ca. kl 1430 da vi kom ned att til parkeringsplassen ved Grihamarstølen.

Søndag 2. april møttes gruppa på nytt ved sporten på Filefjellheisen kl 09. Etter justering av noko skiutstyr og vurdering av værmelding og føreforhold, bestemte vi oss for å legge turen til Tyinstølsnosi (1386 moh) denne dagen. Vi starta turen med repetisjon av test av skredsøkar. På oppstigning la vi inn graving av snøprofil og vurdering/testing av ulike lag i snøen. Dei fine snøgropene brukte vi til å innta lunsjen i.

                            









   Graving av snøgroper                          Gjennomgang av skredsøk/kameratredning

Etter lunsj blei vi delt i to grupper og hadde ei praktisk øving i skredsøk og kameratredning. Ei nyttig erfaring for fleire i gruppa.

Været var variabelt denne dagen, med lange periodar med ein del skodde. Den sporty gruppa bestemte seg likevel for å ta turen opp til Tyinstølsnosi for å få med seg ein nedfart. Føret denne dagen var betre enn forventa med tanke på varmegradene og vi fekk ein fin nedfart der sola til slutt kom gjennom.                                                                                                                                                                             

  

   Heim å tørke feller!                          Nedfart fra Tyinstølsnosi                Gruppa på Tyinstølsnosi (1386 moh)                                             

Vi avslutta kurset ca. kl 15 ved dei parkerte bilane ved Fv. 53 Tyin-Årdal. Instruktøren hadde ein gjennomgang av dei to kursdagane med innspel fra deltakarane. Ein fornøgd gjeng takka for seg, og vende nasen heim til søndagsmiddag og tørking av feller. Nokre deltakarar hadde ein lengre køyretur austover før dei var i mål.

 

Ein stor takk til instruktørane Jarle og Lasse fra Tyin Aktiv for mykje god læring og innspel gjennom heile helga. Turleiar takkar for ei fin helg saman med ein super gjeng. Håpar kurset gav innsyn og meirsmak til toppturlivet.

For Årdal turlag

Marianne Jevnaker
turleiar


Skrevet av Kristin Hestetun 15. april 2017