Skitur til Gruvefjell 29.april

Skitur til Gruvefjell 29.april 2017.
Skitur til Gruvefjell 29.april 2017. Foto: Kristin Hestetun

11 spreke skiløparar var med på skitur til Gruvefjellet laurdag 29.april.

Turen starta ved Stokksete i Fardalen, vidare opp mot Trollvatni, forbi Brekkes gruve og til toppen på Gruvefjellet 1520 m.o.h. Her laut me grava fram postkassen så me fekk registrert oss i støls- og topptriboki til Årdal Turlag.

Skiføret var ikkje det aller beste, litt  hardt og vindbehandla snø, men med turleiar Rune Valsvik i spissen kom alle seg trygt opp og nedatt. Når me skulle renne nedatt kom sola fram også, og etter fem timar var me tilbake til bilane ved Stokkesete.

Takk for ein flott skitur med kjekt turfylgje!

Skrevet av Kristin Hestetun 29. april 2017