På veg mot Gravdalstind.
På veg mot Gravdalstind. Foto: Kristin Hestetun

Skitur til Gravdalstind

Flott skitur til Gravdalstind (2113 m.o.h.) med Lærdal Turlag på laurdag. Skyfri himmel, sol, fint skiføre og triveleg turfylgje frå Lærdal, Årdal og Fortun - betre kan det nesten ikkje bli!

Underler leiing av Rolf Engløkk frå Lærdal Turlag og kjentmann Jon Einemo stara turen frå Sognefjellshytta langs kvista løype til under Falkberget. Der tok me av til venstre mot Smørstabbreen. Etter bratt oppstinging til brekanten, bar det vidare slakt oppover breen til skaret mellom Søre Smørstabbtindane. Her dukka Gravdalstinden opp. Etter ein god matpause var det klart for siste etappe mot toppen. Det aller siste stykket tok me av oss skia og gjekk til fots. 

Frå toppen er det ei fantastisk utsikt i alle retningar. Kjentmann Jon gav oss ei innføring i kva fjella rundt oss heitte. Så gjekk turen nedatt over Smørstabbreen. Nokre utfordringar fekk me i bratta ned frå breen, der snøen hadde mjukna sopass at me plutseleg gjekk igjennom, men alle kom seg til slutt vel nedatt til Sognefjellshytta.

Takk for ein flott tur og ein fantastisk dag i fjellet!

Skrevet av Kristin Hestetun 7. mai 2017