Fottur til Li og Ormsete

Turgjengen med Ormsete i bakgrunnen.
Turgjengen med Ormsete i bakgrunnen. Foto: Anders S. Hestetun

Ni stykkjer var med på turen til støls- og topptrimpostane på Li og Ormsete laurdag 29.juli. 

Turen starta bratt opp frå Holsete, omlag 500 høgdemeter opp til stølen Li (ca 860 moh). Etter ein god pause her gjekk turen vidare via tuftene på Osestølen til stølen Ormsete (ca 900 moh) øvst i Nundalen. Ettter ein god matpause på Ormsete gjekk ruta opp langs Ormseteelvi mot Lovardalen via Lovardalsvotni til Hyttefjellet. Her bar det bratt ned langs Hyttebekken til Skihytta i Fardalen. Siste delen av turen fylgjde med stien frå stølen Hytta ned til skiløypa i Fardalen. 

Mykje regn dei siste dagane gjorde at det var noko blautt og litt sleipe nokre stader, men bortsett frå ei god regnskur på Hyttefjellet slapp me unna regn på turen. Me tok det med ro, og etter vel fem timars gangtid og mange små og store pausar undervegs var alle etter vel 7 timar tilbake ved bilane ved skihytta. 

Ruta frå turen til Li og Ormsete laurdag 29.juli.
Ruta frå turen til Li og Ormsete laurdag 29.juli. Foto: Kristin Hestetun

Takk for ein fin tur og kjekt turfylgje!

Skrevet av Kristin Hestetun 30. juli 2017