Årdal Gålag
Bli med Gålaget på tur frå februar til november!
Denne spreke gjengen går tur kvar onsdag frå april til november, med unnatak av tre veker ferie i juli/august.
Årdal Gålag har turar som er lette, litt tyngre, korte eller litt lengre. Er du turglad, vil koma i betre form og vil ha triveleg turfølge, så kom deg over dørstokken og bli med! Gålaget lovar deg fine turopplevingar der du vil bli betre kjend i dei flotte turområda vi har i og rundt Årdal.
Onsdagsturane startar i 2020 opp 22. april. I februar og mars vert det måneskinstur. Programmet til Gålaget finn du i eige turprogram som vert lagt ut i sportsforretningane i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Også i år inneheld programmet mange flotte turar både i Årdal og i nabobygdene. På desse turane er det som regel med kjentmann som kjenner namn og historia til stadane ein går forbi.
Avreise og oppmøteplass er parkeringsplass i Jotunvegen (ØÅ) og Rema på Årdalstangen eller omvendt avhengig av i kva retning turen går. Vinterturene starter kl. 17.00 fra avreiseplass. Andre turar startar frå oppmøteplass kl. 09.45 og kl. 10.00 frå avreiseplass. Dårleg ver har aldri hindra turgjengen i å møte opp - tur blir det alltid, men det kan verte endringar i programmet.
Meld deg inn i gruppa til Årdal Gålag på Facebook for å få med deg siste nytt!