Klare for nedkøyring til Hjelledalsvatnet.
Klare for nedkøyring til Hjelledalsvatnet. Foto: Anders S. Hestetun

STØLS-OG TOPPTRIM

Støls- og topptrimprogrammet består av 20 turmål i Årdal og på grensa mot nabokommunane Lærdal, Vang og Luster. Med Støls-og topptrimpostane ynskjer me å inspirera deg til å gå litt lenger turar, og kanskje også å ta turen til ein stad du ikkje har vore før?  I tillegg til god mosjon, blir du godt kjend i Årdal kommune og får kunnskap om lokal historie og tidlegare gards- og stølsdrift.

Me prøver å sette opp eit Støls- og topptrimprogram med varierande vanskegrad. Nokre av postane er relativt lette, går på god sti og er godt merka. Andre er krevjande turar som går i ulendt terreng der ein må bruke kart og kompass for å finne fram. Gradering av turane vil bli lagt ut etter kvart som postane vert sette ut. Turane er frå tre-fire timar til gode dagsturar. Ta kontakt med oss dersom du treng tips til ruteval.

Postane står ute i tre år, og Årdal Turlag prøver å setja opp fellesturar  til dei fleste av postane i løpet av desse tre åra. Er du ikkje klar for å ta turen aleine, bli gjerne  med oss på tur! 

Støls- og topptrimpostane for 2022-2024 vert presenterte våren 2022. Dei fyrste postane er sett opp på turprogrammet vårt allereie i år, så følg med og sleng deg med på fellestur! 

På årsmøtet i 2024 vert det premiering for dei som har gått minst 10, 15 eller 20 postar.  Registreringsskjema kostar kr 300,- for vaksne og kr 100,-for born og vil vera til sals på sportsbutikkane i Årdal frå våren 2022.

GOD TUR!

Hugs kart og kompass når du er ute på tur!