TRIMPOSTAR

Årdal Turlag har fleire trimpostar i sentrum og i nærområda rundt Øvre Årdal og Årdalstangen. Dette er relativt enkle turar som tek frå 1 til ca 2,5t tur/retur. Desse turane er fine ettermiddagsturar og fleire av turane passar for born. Nokre av turane er lette og flate og går på (grus)veg og god sti. Andre er noko tyngre og brattare, så her er det tur for alle!

Ved kvar trimpost ligg det ei trimbok som står ute heile året. Her er håpar me du skriv deg inn når du er ute på tur! I fjor hadde me omlag 70 000 signaturar i trimbøkene våre. For kvar bok som vert utskriven vert det trekt ut ein premie. I sommarhalvåret vert det lagt ut klippetenger i postkassane. Klippekort får du kjøpt hjå Sport 1 i Øvre Årdal og på Tangen Sport på Årdalstangen. Korta kostar kr 40 for vaksne og kr 20 for born. Utklipte kort leverer du inn att der du kjøpte dei. Leverer du innan 31. oktober, vert du med på trekning av fine premiar.

Trimpostar i Øvre Årdal

Skarpenor
Skarpenor
Melheim
Melheim
Moadalen/Kvile
Moadalen/Kvile
Moakamben
Moakamben
Ytre Moa
Ytre Moa
Ramsøyni
Ramsøyni
Avdalen
Avdalen
Avdalsfossen
Avdalsfossen
Vettisvegen
Vettisvegen

Skarpenor, t/r 1t

Start frå Øvstetun gard, følg vegen mot Turtagrø. Ta av ved brua (4. svingen) og følg god sti opp til Skarpenor, med flott utsikt mot Øvre Årdal, Årdalstangen og Nundalen.

Melheim, t/r 1,5t

Start frå Øvstetun gard, og følg vegen mot Turtagrø til Melheim Gard.

Eit tips er å ta stiar/snarvegar mellom svingane, til avveksling frå asfaltert veg.

Grandane, t/r 3/4t

Frå Øvstetun: Gå mot brua til Børtnes. Du går ikkje over brua men rett fram langs moloen. Følg sti langs vatnet mot Grandane der postkassen står.

Frå Jotun stadion: Gå langs stien som følger elva mot vatnet. Lett og flatt terreng.

Temresletti, t/r 3/4t

Start ved Svalheimsbrua, og følg moloen langs elva forbi Svalheim gard og byggefeltet Flåten. Like før Gamle Skulehuset (som no er bustadhus), står Årdal Turlag sin postkasse. Fin, brei og flat sti i bebygd område.

Moadalen, t/r 2t

Start frå parkeringsplassen på Moa. Følg bilvegen opp til Moa, hald til høgre og  følg stien til saga på Moa. Du kan gå enten rett opp til Kvile langs stien, eller ta av ved Nedre Hjellen om Trendla – og du kjem innatt på stien ved Åsegaldane.
Frå Kvile kan du også gå vidare på sti til Øyestølen og Holsbru ved Fv 53. Stien er merka, og du kan rekna med å bruka ein time frå Kvile til Holsbru.

Alt. Gå frå Holsbru ved Fv 53, følg stien til Øyestølen og vidare nedover til Kvile.

Alt. Start frå svingen i Lykkja, gå mot Moakamben til stien flatar ut (Åsane) då held du stien til venstre mot Moa, sjå skilt. Følg stien vidare nedover mot Moa, ta av til venstre ved eit stiskille, sjå skilt. Stien tek deg vidare oppover til den kjem inn på stien som kjem frå Moa, ved Steindokki. No følgjer du stien vidare til Kvile, og evt. vidare til Holsbru. Postkassen står omlag halvveges mellom Moa og Holsbru, ved Kvile.

Moakamben, t/r 1 t

Start frå Lykkja i Utladalen, og følg merka sti til “Moakamben”. Du kan enten følgja stien som går på ryggen, eller du kan gå på nordsida – der du har god utsikt over Trondteigen når du nærmar deg toppen. Evt. ta nordsida opp, og ryggen nedatt, eller omvendt. Det er god merking oppover til Moakamben, begge vegar.

Alt. Start frå parkeringsplassen nedanfor Moa, og gå opp på platået til du er på nivå med Moa, følg merka og skilta sti som går nordover til du kjem opp til Åsane, her kjem du inn på stien som kjem frå Lykkja. Her følgjer du stien opp ryggen på “Moakamben”.

Ytre Moa, t/r 3/4 t

Start ved turskilta og trappene til Ytre Moa frå vegen mot Utladalen. Følg merka sti over Ytre Moa til postkassen. Her er det også fin tursti rundt Ytre Moa, godt alternativ for både gående og løpstrening.
Alt. Start frå turskilta på parkeringsplassen på Moa, og følg merka grusveg til Ytre Moa.

Ramsøyni, t/r 1,5t

Start ved turskiltet ved Svalheimsbrua – avkøyrsle til venstre mot Nedre Storøyni byggefelt - på vegen inn i Utladalen. Gå over brua, og ta til høgre, gå forbi bommen, og følg merka sti til Ramsøyni som går ned mot elva og vidare langs elva til Ramsøyni. Du kan også gå vidare til Skåri, du er omlag halvveges når du er i Ramsøyni. Alternativt, gå motsett veg; start ved turskilt i Skåri (Hjelle). Gå over Skårabrui, ned trappa til venstre og følg stien som går ned mot og langs elva til Ramsøyni. Her kan du evt. gå vidare mot Svalheimsbrua.

Avdalen, t/r 2t

Gå langs Folkevegen til Vetti til du har passert Avdalsfossen og Avdalsbrua. På venstre sida etter brua går stien til Hagaberg og vidare til Avdal Gard.

Ein fin avstikkar/runde her er å gå Kulturstien (merka)  frå Avdal Gard til Haugalømyri og Fårehaugen (utsiktspunkt). Følgjer du stien kjem du ned att til Hagaberg, og følgjer stien ned att til Folkevegen og tilbake til Hjelle.

Flaten/Vetti, t/r 2,5t

Gå langs Folkevegen til Vetti, og du er ved Flaten Gard før du tek til på stigninga opp til Vetti Gard.

Ei flott oppleving er sjølvsagt også å ta med seg turen til Vettisfossen. Stien dit går frå garden Vetti, og er merka derifrå. Turen tek omlag ein halvtime kvar veg.

Hagen/Vetti, 2,5t

Gå langs Folkevegen til Vetti, og ta stien opp til høgre før Høljabakken. Følg merka sti til høgaste punkt (postkasse) og gå vidare enten mot Vetti Gard før du går nedatt til Flaten Gard og heimover att til Hjelle.

Trimpostar på Årdalstangen

Eldegarden (A.J. Seim)
Eldegarden (A.J. Seim)
Loi
Loi
Grisehagen i Seimsdalen.
Grisehagen i Seimsdalen.
Kyredalen i Seimsdalen
Kyredalen i Seimsdalen
Nystølen
Nystølen
Lauvnes
Lauvnes

Eldegarden t/r 2t

Parker ved Eldegardsfossen på Fv53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen og fylg stien oppover frå parkeringsplassen. Eit stykke oppe i bakkane kan du velja mellom to alternativ. 1. Hold til venstre og fylg stien mot husa i Eldegarden, til høgre for husa og vidare oppover. Postkassen står eit stykkje ovanfor husa. 2. Hold til høgre og gå rett til postkassen. Denne stien er noko brattare og kortare enn alternativ 1.  Fin rundtur!

Loi (t/r 1,5t)

Som turen til Vassbugen. Ta til høgre ved postkassen ved Jernbanebrua, og fylg gangstien langs Årdalsvatnet til Loi. Postkassen står utanfor Stedjetunnelen.

Lysa (t/r 1t)

Start på toppen av "Blokkebakken" og gå mot lavo på Tangen skule. Ta til venstre og fylg god sti over molo til elva Lysa der postkassen står. Fin rundtur på Hæreidsida.

Grisehagen (t/r 2t)

Parker på parkeringsplass ved Årebru i Seimsdalen. Fylg stien langsmed sjøen under Ridehallen. Hald fram opp stien til enden av byggefeltet der du går over på ein mindre sti. Fylg denne stien opp til postkassen. Fin rundtur ved å gå nedatt til sjøen på Asperheimsida, sjå turen til Kyredalen.

Kyredalen (t/r 2t)

Parker på parkeringsplass ved Årebru i Seimsdalen. Kryss hovudvegen og fylg stien på høgre sida oppover dalen til Asperheim. Ver venleg å ikkje bruk gjennomgang mellom husa! Fin rundtur ved å gå nedatt til sjøen på andre sida av dalen, sjå turen til Grisehagen.

Klettebrekka (t/r 1,5t)

Start frå Klettebrua i Seimsdalen. Fylg fin sti opp til Klettegarden der postkassen er sett opp. Ein fin rundtur får du om du held fram på stien opp til stølen Kletta og vidare til brua som kryssar elva like ved endepunktet på grusvegen. Fylg så denne ned att til utgangspunktet (2,5t).

Nystølen (t/r 2t)

Start ved fyrste 180-graderssvingen på vegen dedover i Offerdalen (over øverste gardsbruket). Fylg tømmervegen og stien oppover og innover. Postkassen står på stor furu like før du kjem til stølen.

Lauvnes (t/r 1t)

Start ved stor vasskumme over husa på sørsida av Årdalsvatnet. Fylg god sti oppover. Ta av til venstre ved stidele og fylg stien vidare opp til postkassen.

Vikadalen (t/r 2t)

Start ved busskuret når du kjem over brua. Fylg gangsti under brua, forbi bommen og vidare på bilveg fram til kraftstasjonen. Fylg så traktorveg til endes og hald fram på god sti innover dalen til postkassen.